Referat frå årsmøtet 26.02.2008

Hjelmeland IL hadde årsmøte 26.02.2008. Under følgjer referatet.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I HJELMELAND IL

HJELMELANDSHALLEN 26.02.08

1. Godkjenning av kven som har røysterett
Det var 17 frammøtte, og alle hadde røysterett.

2. Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjent utan merknader

3. Val av dirigent, sekretær og to til å skrive under møteboka
Jone Hagalid vart vald til dirigent, Sigrund Mosnes til sekretær.
Aud Meling og Unni T. Fossaa skal skrive under møteboka.

4. Godkjenne årsmelding med gruppemeldingar
Alle årsmeldingane vart godkjente. Det kom følgjande kommentarar:

Årsmelding frå hovudstyret:
Idrettslaget har 413 medlemmer. Investeringane på banen og klubbhuset på Fister har ført til eit underskot på kr. 192 780,-. Idrettslaget satsar vidare på ei dugnadshelg i samband med frukt- og laks arrangementet.

Årsmelding frå trimgruppa:
Det nye hovudstyret/trimgruppa bør jobbe vidare med å få til ei skøyteløkke, dessutan bør det gjerast noko slik at trimløpa får større oppslutnad.

Årsmelding frå skigruppa:
Løypetraséen på Bjødnabu bør utbetrast.

Årsmelding frå fotballgruppa:
Det manglar melding frå to lag, gutar 10 år og jenter 10-11 år. Fotballstyret bør arbeida for at flest mogleg lag reiser på den same turneringa/cupen.

5. Godkjenne rekneskapen i revidert stand
Orientering av kasserar Aud Meling.

Årsmøtet vedtok rekneskapen for 2007.

6. Saker til behandling:
a) Endring av lova

Hovudstyret si innstilling er at det skal strykast to setningar frå paragraf 6 i lova.
”Tillidsvalde kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Tillitsvalde i Hjelmeland IL skal normalt ikkje ha slik godtgjersle”

Innstillinga vart vedteken utan merknader.

Paragraf 6 har no denne ordlyden:
§ 6 Godtgjersle til tillitsvalde
For refusjon av utgifter og godtgjersle til idrettslaget sine tillitsvalde gjeld:
Tillitsvald kan få refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vedkomande vert påført i utføringa av vervet. Utgifter til tapt arbeidsforteneste og til godtgjersle skal gå fram av budsjett og rekneskap.

b) Oppføring av ballbinge på Jøsneset
Hovudstyret si innstilling at Hjelmeland IL skal stå som byggherre av ballbingen på Jøsneset

Innstillinga vart vedteken utan merknader.

7. Fastsetjing av medlemskontingent
Hovudstyret si innstilling: Medlemskontingenten i 2008 vert endra til kr. 800,- for familie, kr. 500,- for vaksne og kr. 400,- for born/pensjonistar

Innstillinga vart vedteken utan merknader.

8. Vedta budsjett for 2008
Orientering og gjennomgang av kasserar Aud Meling.

Budsjettet for 2008 vart vedteke utan merknader.

9. Endring av organisasjonsplanen
Hovudstyret si innstilling: Triatlongruppa vert lagt ned grunna lita interesse for å arrangere Bjødnaløpet

Innstillinga vart vedteken med ein merknad: Avtroppande leiar Jone Hagalid orienterer hovudsponsorane våre, Hjelmeland sparebank og Marine Harvest at Bjødnaløpet er lagt ned.

10. Val av nytt styre
Valnemnda ved Trygve Brandal presenterte forslaget til det nye hovudstyret:

  • Leiar Anita T. Sandvik (på val)
  • Nestleiar Unni T. Fossaa (ikkje på val)
  • Kasserar Aud Meling (ikkje på val)
  • Sekretær Agnes Kleppa (på val)
  • Hus/material forvaltar Geir Atle Iversen (på val)
  • Leiar fotball Jarle Mjølhus (ikkje på val)
  • Leiar handball Siri Viga (ikkje på val)
  • Leiar trim og friidrett Bente B. Rød (på val)
  • Leiar ski Hans Widerøe (på val)
  • 1. vara Rune Spilde (på val)
  • 2. vara Trond Kjellesvik (på val)

Forslaget vart einstemming vedteke

11. Val av revisor
Det vart bestemt at Revisjon Ryfylke held fram som revisor.

12. Val av representantar til idrettens kontaktutval
Årsmøtet gir hovudstyret fullmakt til dette valet

13. Val av utsendingar til overordna organ
Det vart bestemt at årsmøtet gir hovudstyret fullmakt til val av utsendingar.

14. Valnemnd
Leiar: Trygve Brandal (1 år)
Medlem: Judith Bergøy (2 år) og Jone Hagalid (2 år)

15. Valnemnda la fram forslag om godtgjersle for verv
Årsmøtet bestemte at leiar og kasserar skal få eit honorar på kr. 4000,-.
Dessutan vart det diskutert at hovudstyret bør leggja føringar for at trenarar og oppmenn i undergruppene får lik påskjøning for innsatsen dei gjer.

Fister, 28.02.08

Sigrund Mosnes (sekretær)

Unni T. Fossaa                Aud Meling

Scroll to Top