Flott innsats i Ungdommens Holmenkollrenn

Helga 18.–19. februar 2012 reiste fire unge skiløparar på 13 og 14 år frå Hjelmeland til Oslo for å gå Ungdommens Holmenkollrenn.

Fire unge skiløparar frå Hjelmeland deltok i Ungdommens Holmenkollrenn 2012. Frå venstre: Mari Hetlesæter (13), Tobias Topp Sandvik (14), Svein Hjørungdal (13) og Øyvind Opdahl Viga (14).

Renn i klassisk stil laurdagen gjekk i ekte «kollentåke», og dermed krevjande høve for «smørjeteamet». Søndagen vart det avvikla renn i fristil med flott vêr og god stemning langs løypene. Løparane frå Hjelmeland gjorde ein flott innsats i kollen denne helga.

Les meir om rennet og resultata her.

Scroll to Top