Aktiv idrettsskule

Synne Hovda (t.v.), Sindre Kvame (i midten) og Nora Viga (t.h.) er alle samde om at det er kjekt å gå på Idrettsskule den første veka i skuleferien. (Foto: Morten Hetland)

Som i dei siste åra har Hjelmeland Idrettslag arrangert Idrettsskulen for 3.-7.-klassingar den første veka i skuleferien. I år har 40-50 born nytta seg av tilbodet om ei aktiv «skuleveke».

Fem dagar til ende er det full aktivitet på Idrettsskulen. Blant aktivitetane er handball i Hjelmelandshallen, der Åke Sjursen Hauge(nærast) nettopp brote seg gjennom forsvaret til det raude laget, og blir jaga av Palma Synnøve Olsen og Eirikur Poulsen. (Foto: Morten Hetland)

Fleire ungdommar har denne veke hatt arbeidsveke i Idrettsskulen til Hjelmeland Idrettslag, der 40-50 born har fått boltra seg i aktivitetar som rulleski, symjing, handball, klatring, leik og anna moro, samt lokale versjonar av TV-programma « 71° nord» og «Mesternes Mester». I dag blir Idrettsskulen 2012 avslutta med ein felles fottur frå Fister Idrettsplass til Skjekkjesåsen ovanfor Hetlandsvatnet, ein topp som ligg 325 meter over havet med god utsikt.

Hjelmelandsbuen Erlend Widerøe Hennig har kome langt på juniornivå i sykling og ski, og var sist tysdag rulleskiinstruktør for den komande generasjonen idrettsutøvarar. – Inspirerande, seier Erlend om jobben i Idrettsskulen. (Foto: Morten Hetland)

Idrettsskulen blir primært arrangert i området rundt Fister Idrettsplass, men sist tysdag var Idrettsskulen på Hjelmeland for å driva med symjing, handball og rulleskitrening.

Erlend Widerøe Henning, som sjølv har gjort det godt på både sykkel og ski, er blant dei mange ungdommane som har vore med som instruktørar i Idrettsskulen. Hans rolle var å instruera dei unge, håpefulle i rulleski.

– Det var stort sett inspirerande å instruera dei på rulleski, i alle fall dei eldste som beherska det nokolunde. Med dei yngste vart det litt meir prøving og feiling, då rulleski er ganske krevjande. Det er alltid kjekt når nokon av dei får det godt til og er lystne på å læra meir, så eg skal ikkje sjå vekk frå at nokon av dei går fort på ski om nokre år, seier Erlend Widerøe Hennig.

Scroll to Top