Hjelmeland på rett veg

Kaptein på Hjelmeland sitt A-lag i fotball, Jon-Viggo Andresen (kvit drakt), er optimist med tanke på haustsesongen. I kampen mot Ild tok Hjelmeland eitt poeng etter å ha spelt uavgjort 1-1. (Foto: Morten Hetland)

A-laget til Hjelmeland Idrettslag tek sommarferie etter å ha kjempa seg til fire poeng i løpet av dei to siste seriekampane.

6-1-sigeren mot Jarl for halvanna veke sidan fungerte som ei vitamininnsprøyting for Hjelmeland-spelarane, og sist torsdag spelte dei uavgjort 1-1 mot Ild på Årdal Stadion. Såleis har Hjelmeland snudd trenden etter 10 strake tap, til 3 og 1 poeng mot høvesvis Jarl og Ild, beggje på heimebane.

Kampen mot Ild var svært jamnspelt, og det var to likeverdige motstandarar som møtte kvarandre. Trass i god innsats frå den nye Hjelmeland-målvakten, Joachim Sørreime Verpe, greidde Ild å planta det første målet i det 27. minuttet. Stillinga stod 0-1 til pause og resten av andre omgang, fram til Marius Loktu vart kampens helt ved å utlikna til 1-1, to minutt på overtid.
Det er eit faktum at det unge laget har hatt store startvanskar i vårsesongen i 5. divisjon, men no har pendelen snudd rett veg for Hjelmeland.

– Det kom mange nye spelarar på A-laget i år, så me måtte starta frå botn av med å bli kjende med korleis me spelar med kvarandre. Me har merka at dei rutinerte spelarane har lagt opp, forklarer Hjelmeland-kaptein Jon-Viggo Andresen.

– Etter kvart føler eg at me har gjort det stadig betre, noko dei to siste kampane viser. No er me samspelte og spelar godt, så eg gler meg til haustsesongen. Eg både håpar og trur at haustsesongen vil bli mykje betre for oss enn vårsesongen, held Andresen fram.

Scroll to Top