Skiløparar med flott innsats i BLINK 2012

Frå venstre: Tobias Topp Sandvik, Erlend Widerøe Hennig, Gaute Widerøe Hennig, Hannah Chaplin Laugaland og Kristrun Gudnadottir representerte Hjelmeland Idrettslag i skifestivalen BLINK 2012. (Foto: Hans Widerøe)

Fire skiløparar frå Hjelmeland deltok i Lysebotn Opp torsdag 19. juli under skifestivalen BLINK i Sandnes.

Kristrun Gudnadottir (J16), Tobias Topp Sandvik (G15) og Gaute Widerøe Hennig (G16) gjekk den kort løypa, som består av dei to siste, bratte kilometrane opp til Øygardsstøl. Kristrun, Tobias og Gaute fekk høvesvis femte-, tredje- og andreplass i sine klassar.

Juniorløparen Erlend Widerøe Hennig gjekk heile bakken på 7,5 km og 640 høgdemeter, og blei nummer 9 av 20.

Fredag og laurdag den same veka var det duka for sprint i Sandnes sentrum, der var Hannah Chaplin Laugaland (J13) òg deltok for Hjelmeland Idrettslag. Kristrun og Erlend gjekk begge til seminfinale laurdag, og Kristrun klarte å kvalifisera seg til finaleplass i sin klasse. Det såg lenge ut til at Erlend òg skulle sikra seg finalebillett, men på oppløpet vart det trangt om plassen, og Erlend blei stengt innem forbigått på målstreken og enda på femteplass i heatet.

BLINK-festivalen har klart å etablera seg som eit viktig rulleskiarrangement midt på sommaren, og samlar mange skiskytarar og langrennsløparar i aldersbestemte klassar frå heile landet, samt profilerte eliteløparar frå inn- og utland. Festivalen er ei flott konkurransetrening for skiløparane våre, som på denne tida er midt i førebuingane til den komande vintersesongen.

 

Scroll to Top