J13 vart seriemeistrar i fotball

Hjelmeland sitt J13-lag i 2012. Laget vart seriemeistrar i nivå 1 avdeling 1.
Bak (f.v.): trenar Magnar Viga, Sunniva Ur Fjørtoft, Palma Synnøve Olsen, Mari Kvame Hetlesæter, Camilla Ullestad Olsen, trenar Frode Liland.
Framme (f.v.): Natalie Liland, Julie B. Vika, Sina Viga, Amalie Lyng Sandvik, Silje B. Vika.
(Foto: Morten Hetland)

Med 11 sigrar og berre eitt tap kapra J13-laget til Hjelmeland desidert flest seriepoeng i nivå 1 avdeling 1 i 2012-sesongen. Magnar Viga og Frode Liland har vore flittige trenarar, medan Ingvill Hauskevåg Gjertsen har vore lagleiar.

Dei flittige jentene har totalt skåra 51 mål og fått 21 baklengsmål, noko som òg gjev dei den beste måldifferansen i si avdeling i nivå 1.

Takka vera seriemeisterskapet spelte J13-laget òg krinsmeisterskap mot Skjoldar og Egersund, men her måtte dei diverre sjå seg utkonkurrert.

[table “23” not found /]
Scroll to Top