Marcin vann julebadminton

Marcin Wodka (i midten) vann Hjelmeland Idrettslag si badmintonturnering i Hjelmelandshallen 2. juledag. Geir Østerhus (t.v.) kom på andreplass og Ronny Mæland (t.h.) enda opp med tredjeplassen.
(Foto: Morten Hetland)

Seksten mannfolk frå 14 til 64 år var i full sving under badmintonturneringa til Hjelmeland Idrettslag i Hjelmelandshallen 2. juledag. Marcin Wodka vart suveren vinnar, med Geir Østerhus og Ronny Mæland på høvesvis andre- og tredjeplass.

I finalesettet, der resultatet var 21-15, møttes Marcin Wodka og Geir Østerhus. Geir gjekk vidare til finalen etter å ha vunne mot storebror Sigbjørn i semifinalen. Ronny Mæland tapte sin semifinale mot Marcin, og enda dermed på ein tredjeplass.

Hjelmeland Idrettslag takkar for godt frammøte, og rettar ei ekstra takk til premiesponsor Enkel Bygg og Butikk.