Månadsarkiv: januar 2013

Endeleg nye skidrakter

Ein heil delegasjon frå Hjelmeland Idrettslag var representert i Saudasprinten 2013 med nye skidrakter.Framme frå venstre: Kristrun Gudnadottir, Kristin Hetlesæter, Hannah Chaplin Laugaland, Øyvind Opdahl Viga, Hedda Opdahl Viga og Malin Opdahl Viga Bak frå venstre: Gunnbjørg Hetlesæter, Mari Hetlesæter, Gaute Widerøe Hennig, Timothy Lee Laugaland, Ingebjørg Vik Laugaland, Kjell Laugaland, Erlend Widerøe Hennig, Ola Mjølhus, Ola Kleppa og Svein Hjørungdal. (Foto: Svein Hetlesæter)
Ein heil delegasjon frå Hjelmeland Idrettslag var representert i Saudasprinten 2013 med nye skidrakter. Klikk for å forstørra biletet og sjå namn på løparane.
(Foto: Svein Hetlesæter)

Ventetida er endeleg over. Hjelmeland Idrettslag har fått nye skidrakter, spesialdesigna av Trimtex. I tillegg til Tobias Topp Sandvik, som viste fram den nye konkurransedrakten i Holmenkollen sist helg, var ein heil delegasjon frå skigruppa representerte i Saudasprinten den same helga.

Minihandballturnering i Hjelmelandshallen

Hjelmeland Idrettslag inviterer til minihandballturnering i Hjelmelandshallen sundag 20. januar klokka 12:00.
(Foto: Linda Janet Fosse)

Sundag 20. januar 2013 er det endeleg Hjelmeland Idrettslag sin tur til å arrangera minihandballturnering. Turneringa blir i Hjelmelandshallen i tidsrommet 12:00-17:00. Det er påmeldt 25 minihandballag (1.-3. klasse) frå Forsand Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag, Midtbygdens Idrettslag og Hjelmeland Idrettslag.

Gode skiløparar på KM i Vennesla

Hjelmeland-løparane som deltok i KM i Vennesla. Frå venstre: Kristrun Gudnadottir, Tobias Topp Sandvik, Malin Opdahl Viga, Svein Hjørungdal og Øyvind Opdahl Viga.
(Foto: Kjell Magne Hjørungdal)

Laurdag 12. og sundag 13. januar deltok fem skiløparar frå Hjelmeland Idrettslag i krinsmeisterskapet i langrenn i Vennesla. Best av Hjelmeland-løparane var Malin Opdahl Viga, som vann sonerennet i sprint i klassen J12.
Les vidare