Minihandballturnering i Hjelmelandshallen

Hjelmeland Idrettslag inviterer til minihandballturnering i Hjelmelandshallen sundag 20. januar klokka 12:00.
(Foto: Linda Janet Fosse)

Sundag 20. januar 2013 er det endeleg Hjelmeland Idrettslag sin tur til å arrangera minihandballturnering. Turneringa blir i Hjelmelandshallen i tidsrommet 12:00-17:00. Det er påmeldt 25 minihandballag (1.-3. klasse) frå Forsand Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag, Midtbygdens Idrettslag og Hjelmeland Idrettslag.