Vellukka skeisedag på Hetlandsvatnet

Om lag 350 var med på skeisedagen på Hetlandsvatnet sundag 20. januar. (Foto: Leif-Ole Terøy)
Om lag 350 var med på skeisedagen på Hetlandsvatnet sundag 20. januar.
(Foto: Leif-Ole Terøy)

Om lag 350 to- og firbeinte møtte fram til Hjelmeland Idrettslag sin skeisedag på Hetlandsvatnet, like ved Staurland i Hetlandsbygda.

Om lag 100 av dei frammøtte deltok i skeiseløpet, og alle deltakarane fekk sjølvsagt premie.

Dei som ikkje gjekk løp var anten opptekne med å vandra på isen, spela ishockey, gå den 2,5 kilometer lange naturstien på vatnet eller med grillkos og varm drikke ved iskanten.

Takk til alle frammøtte, og ikkje minst takk til alle frivillige som gjorde dette til eit triveleg og vellukka arrangement!

Scroll to Top