Vil du bli fotballdommar?

Rogaland Idrettskrets inviterer til rekrutteringsdommarkurs.

Har du ambisjonar om ein fotballdommarkarriere? No har du høve til å delta på eit av Rogaland Fotballkrets sine rekrutteringsdommarkurs.

Kurset er for deg som har fylt 14 år og som ynskjer å dømma elleverfotball. Kurset består av fire modular med innføring og opplæring i spelereglane for elleverfotball.

Hovudmålet med kurset er å gje deltakarane gode haldningar og grunnleggjande kunnskapar i spelereglane for elleverfotball.

Etter bestått kurs får du:

  • Gratis tilgang til alle fotballkampar i Rogaland Fotballkrets
  • Honorar ved å dømma er for tida frå kr 300,- + kjøregodtgjersle.

Det vil i år bli arrangert rekrutteringsdommarkurs både i Stavanger og i Haugesund.

Stavanger: Rogaland Fotballkrets sine lokale (Viking Stadion). Tysdag 19. februar, torsdag 28. februar og avslutting torsdag 4. april. Kurset varer klokka 18:00-21:00 alle kursdagar.

Haugesund: Djerv-huset. Måndag 18. februar, tysdag 19. februar, måndag 25. februar og avslutting onsdag 27. februar. Kurset varer klokka 18:00-21:00 alle kursdagar.

Påmelding til svein.hermansen@fotball.no eller telefon 476 16 772.

Scroll to Top