Tobias i Ungdomsstafetten i Holmenkollen

Tobias Topp Sandvik
Tobias Topp Sandvik gjekk 15. mars Ungdomsstafetten i Holmenkollen saman med landets beste 15- og 16-åringar.
(Foto: Trond Sandvik)

I dag gjekk Hjelmeland-løpar Tobias Topp Sandvik Ungdomsstafetten i Holmenkollen saman med landets beste 15- og 16-åringar. Laurdag 16. mars klokka 17:15 blir stafetten i friteknikk 4×3,75 km sendt på NRK1.

Tobias vart plukka ut som beste G15-løpar i Agder og Rogaland Skikrets, og gjekk på eitt miksa stafettlag med dei beste 15- og 16-åringane i Agder og Rogaland Skikrets.

Agder og Rogaland Skikrets stilte med to av tretti stafettlag, og laget til Tobias kom på 19. plass med tida 45:37.1, vel tre minutt bak vinnarlaget til Akershus.

– Det var svært kjekt å gå for kretslaget i Holmenkollen. Eg opna litt for hardt og stivna etter kvart, men var berre 1 minutt bak teten, så det tykkjer eg er positivt, fortel Tobias.

– For to år sidan kom eg på ca. 100. plass, og sist år på 50. plass. I år klatra eg derimot opp blant dei 30 beste i Noreg. Det tek eg med meg vidare, og gler meg allereie til neste sesong, oppsummerer den unge løparen frå Fister.

Hjelmeland-løpar Tobias Topp Sandvik (t.v.) kjempar seg fram i løypa, side ved side med Vebjørn Hegdal frå Larvik Ski.
Hjelmeland-løpar Tobias Topp Sandvik (t.v.) kjempar seg fram i løypa, side ved side med Vebjørn Hegdal frå Larvik Ski.
Scroll to Top