Månadsarkiv: oktober 2013

Kunstgrasbanen er klar til bruk

Kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg er klar til bruk. (Foto: Gaute Hauge)
Kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg er klar til bruk. (Foto: Gaute Hauge)

Takka vera fleire titals dugnadsfolk har siste innspurt på kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg blitt klar til bruk i løpet av éi vekes tid. Arbeidet starta med å leggja kunstgras sist laurdag, og fotballmåla blei ferdig monterte av 10-15 dugnadsfolk i dag. Takk til alle flinke dugnadsfolk!
Les vidare

Kunstgrasbanen snart ferdig

ENDELEG KUNSTGRAS: Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd, er fornøgd med at kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsbane snart er speleklar. Her inspiserer han arbeidet med kunstgraslegginga saman med dottera Andrea, som òg gler seg til å kunna spela fotball på den nye kunstgrasbanen. (Foto: Morten Hetland)
ENDELEG KUNSTGRAS: Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd, er glad for at kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg snart er speleklar. Her inspiserer han arbeidet med kunstgraslegginga saman med dottera Andrea, som òg gler seg til å kunna spela fotball på den nye kunstgrasbanen. (Foto: Morten Hetland)

I går, laurdag, starta arbeidet med å rulla ut kunstgraset på Hjelmeland Idrettsanlegg. Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd for anlegget, trur at fotballbanen er klar til bruk allereie neste helg.
Les vidare