Seniorlaget får ung trenarduo

NY HOVUDTRENAR: Leiar i Hjelmeland Idrettslag si fotballgruppe, Jarle Mjølhus (t.v.), presenterte Morten Bauge (t.h.) som ny hovudtrenar for seniorlaget under eit spelarmøte sist veke. (Foto: Morten Hetland)
NY HOVUDTRENAR: Leiar i Hjelmeland Idrettslag si fotballgruppe, Jarle Mjølhus (t.v.), presenterte Morten Bauge (t.h.) som ny hovudtrenar for seniorlaget under eit spelarmøte sist veke. (Foto: Morten Hetland)

Morten Bauge (18) har vore på utlån hjå Staal Jørpeland Idrettslag dei siste to åra, men kjem frå 2014-sesongen til å trena seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag saman med assistenttrenar Marius Loktu (19).

Seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag har hatt ein tøff sesong i 6. divisjon, der dårlege haldningar og lite frammøte på treningane har prega laget. Likevel kom seniorlaget med fem sigrar, to uavgjort og sju tapte kampar på femte plass blant åtte lag i si avdeling.

 

– PRØVER NOKO NYTT

Marcin Wodka har trena seniorlaget dei to siste sesongane, men får no ei viktig rolle for den framtidige rekrutteringa som trenar for Hjelmeland Idrettslag sine G14- og G16-lag.

– No vil me prøva noko nytt, med Morten Bauge og Marius Loktu som trenarduo. Me har stor tru på ungdommen, og satsar på at dei kan få fleire unge spelarar til å vera med. Mange av ungdommane frå Hjelmeland går på Strand vidaregåande skule, og har då høve til å trena og spela med Hjelmeland Idrettslag, meiner Jarle Mjølhus, leiar i fotballgruppa til Hjelmeland Idrettslag.

 

NY ASSISTENTTRENAR: Marius Loktu skal vera assistenttrenar for seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag saman med hovudtrenar Morten Bauge. (Foto: Morten Hetland)
NY ASSISTENTTRENAR: Marius Loktu skal vera assistenttrenar for seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag saman med hovudtrenar Morten Bauge. (Foto: Morten Hetland)

TAKKA JA TIL UTFORDRINGA

Unge Morten Bauge har spelt fotball for Hjelmeland Idrettslag i «alle år», med unntak av to års utlån til naboklubben Staal Jørpeland Idrettslag. Han vedgår at han først var skeptisk til å ta over seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag.

– Jau, eg var skeptisk i starten, men dette var ei ny utfordring som eg hadde lyst til å prøva meg i. Eg har følgt ein del med på Hjelmeland Idrettslag, og har som mål å ta seniorlaget opp i femte divisjon, seier den ambisiøse hovudtrenaren.

Bauge skal dela på treningsbyrden saman med assistenttrenar Marius Loktu. Loktu har fleire års erfaring som junior- og seniorspelar for Hjelmeland Idrettslag, noko som blir hans styrke i trenarduoen.

– Eg har lært mykje frå tidlegare trenarar, både i Hjelmeland Idrettslag og Staal Jørpeland Idrettslag. Dessutan er lærar Eivind Danielsen på idrettsfaglina ved Strand vidaregåande skule solid til å forklara og visa. Eg har lært mykje av mine trenarar og lærarar, og kjem til å bruka mykje av det eg har lært av dei, konkluderer Morten Bauge, som er ny hovudtrenar for Hjelmeland Idrettslag sitt seniorlag.

Scroll to Top