Full fart 2014 — Aktivitetsveke 23.–27. juni

Hjelmeland idrettslag inviterer alle i 3.–7. klasse til «Full Fart 2014» – ei aktivitetsveke frå 23.–27. juni: fem dagar fulle av aktivitet, der ein får prøva mange ulike idretts- og friluftsaktivitetar. Alt vert styrt av trivelege og inspirerande vaksne leiarar.
Dette er eit dagtilbod frå kl. 9.00–15.00, og aktivitetane føregår i området kring idrettsplassen på Fister og Hjelmeland. Barna får også servert eitt sunt og godt måltid kvar dag.

Målet for idrettslaget er å gje barna eit godt aktivitetstilbod i sommarferien. Meir informasjon om aktivitetane og om påmelding kjem etterkvart.

Og for dei som lurer, er dette det same aktivitetstilbodet som me har kalla idrettskule før, men for å visa at dette er noko heilt anna enn den skulen barna har sommarferie frå, så har me gitt veka eit nytt namn.