Månadsarkiv: juni 2014

Kjekt på Etne-cup

Det eine jentelaget i sluttspelkamp mot Skudesnes.
Det eine jentelaget i sluttspelkamp mot Skudesnes.

Fem lag frå Hjelmeland deltok i Etnecup 20 – 22.juni. To jentelag og tre gutelag frå 10 – 12 år reiste av garde for å testa turneringslivet i Etne. Det blei mykje godt fotballspel, og laga våre fekk prøva både å vinna og å tapa. Utanom fotballspelet var det tid for både kino, disco og skumparty. Etne-cup er godt organisert, og alle saman, både trenarar og lagleiarar og spelarane var svært godt fornøgde med helga.