Månadsarkiv: august 2014

STOR IDRETTSGLEDE OG FLOTT OPNING

Førti lag frå Hjelmeland , Årdal, Fiskå, MIL, Staal og Forsand, med over 250 spelarar deltok på Hjelmeland Sparebank cup. Til trass for dobbelt så mange lag som i fjor, gjekk det meste godt. Takk vera ei stor innsats frå mange gode medhjelparar både på og ved banen, og i kiosken. Mest av alt bidrog dei mange unge spelarane til at dette blei ein flott dag!
jentefotball

Fotballcupen var ei fin ramme rundt den offisielle opninga av sentralidrettsanlegget. Her var helsingar og fine ord frå ordførar Trine Danielsen,  hovudsponsor Hjelmeland Sparebank ved banksjef Susanna Poulsen, leiar i idrettslaget Nils Viga og representantar frå Rogaland fylkeskommune, Rogaland fotballkrets, og frå Staal. Ikkje minst fekk Jarle Mjølhus, som har vore leiar i byggjekomitéen, overrekkja ordføraren ein symbolsk og blenkjande fin nøkkel. Skigruppa fekk dessutan gleda av å demonstrera den nye rulleskiløypa rundt banen. Mange gler seg over at me har fått ein så flott anlegg, og til slutt fekk alle feira med gratis kake.
bilde 5

Etter avslutninga fortsette fotballcupen, og ein lang dag på idrettsanlegget blei avslutta med at A-laget spela heimekamp mot Vaulen 2. Dei toppa det heile med å vinna 4-3.

Fotballgruppa i idrettslaget vil nytta høvet til å takka alle som har gjort ein ekstra innsats for at denne dagen blei så vellukka som den blei.

HJELMELAND SPAREBANK-CUP OG OFFISIELL OPNING AV SENTRALIDRETTSANLEGGET

Søndag 24. august inviterer Hjelmeland idrettslag til fotballcup for barn og ungdom i alderen 7 – 12 år. Hjelmeland Sparebank -cup går blir arrangert på nye Hjelmeland sentralidrettslegg frå kl. 10.00. Mellom kl. 13 og 14 blir det feiande flott opning av det nye sentralidrettsanlegget.

(Foto: Morten Hetland)
(Foto: Morten Hetland)

Reine klassar for jente- og gutelag, alle klasser frå 7 – 12 år. Det vert spela 7’ar- fotball etter NFF sine retningslinjer i klassane J/G 11– J/G 12. Det vert spela 5’ar- fotball etter NFF sine retningslinjer i klassane J/G 7 – J/G 10. Påmelding: Påmelding på www.hjelmelandil.no, innan 16. august. Deltakaravgift: 800 kr pr. lag for 5’er og 7’er-lag. Betalast til Hjelmeland idrettslag sin konto 3353.07.00696. Merk med Hjelmelandscupen og namnet på klubben. Spørsmål kan rettast til Even Stakkeland, tlf. 95 72 14 79, eller på e-post til evenstakk@hotmail.com .