Månadsarkiv: oktober 2014

Sonesamling på Hjelmeland

RulleskiHjelmeland IL-ski inviterer til sonesamling på Hjelmeland søndag 9. november kl 10-15. Set av dagen, og bli med! Vindafjord, Sauda og Suldal blir også inviterte!
Stad: Marine Harvest sin store parkeringsplass på Hundsnes
Opmøte: kl 10 (slutt ca kl 15)
Aktivietar: Rulleskiløping og springing
Mat: alle tar med niste og drikke (vi et inne i MH si kantine)
Utstyr: alt du treng for rulleskiløping, joggesko og joggetøy for årstida. Dei som har utstyr til både skøyting og klassisk, kan ta det med.
Elles: Godt humør
Vi kjem tilbake med detaljert treningsprogram når det er klart.

Skigruppa

Lagrennskveld med Tengesdal sport

Mikal TengesdalSkigruppa inviterer til langrennskveld med Tengesdal sport tors 30. oktober kl 18 i foajeen i Hjelmelandshallen. Mikal Tengesdal vil, som i fjor, ha med seg mykje langrennsutstyr for sal. I tillegg vil han orientera om fornuftig bruk av skiutstyr for born og unge.
NB: Tengesdal startar orienteringa om skiutstyr kl 18.
Dersom de har bruktutstyr de trur andre kan få bruk for, ta det med. Vi set av eit hjørne av foajeen til bruktbu.
Skistyret