Månadsarkiv: mars 2015

Full Fart 2015

full fart tunnell22. – 26. juni

Også dette året vil Hjelmeland idrettslag arrangera ei aktivitetsveke for barn frå 3. – 7. klasse, den første veka etter at skulen har tatt sommarferie.

«Full fart» er 5 dagar der barna får vera med på mange ulike idrettsaktivitetar. Det heile styrt av vaksne og ansvarlege leiarar.
Dette er eit godt alternativ for å aktivisera barna i sommarferien.
Meir informasjon om program og påmelding kjem etterkvart.