Har du lyst på ein spanande sommarjobb?

Hjelmeland idrettslag treng leiarar til Full Fart 2016. Har  du lyst til å vera ein av dei?
Full Fart er ei aktivitetsveke som idrettslaget arrangerar for dei som er ferdige med 3. klasse til og med dei som er ferdige med 7. klasse.  Kvart år første veka etter skuleslutt, dette året er blir det 20. – 24. juni. Til dette trenge me positive, inspirerande og ansvarlege leiarar. Me treng to vaksne leiarar som kan ta ansvar for planlegging av veka, laga invitasjon og ta i mot påmelding, og ha hovudansvar ved gjennomføring av veka. I tillegg treng me minst 5 aktivitetsleiarar til sjølve veka.
Likar du og driva med idrett og aktivitetar ute, og likar du å arbeida med barn og unge, kan dette vera jobben for deg.
Høyres dette interessant ut? Send ein e-post til Torborg.kleppa@live.com, innan 15. april. Skriv gjerne litt om deg sjølv og dine kvalifikasjonar for jobben. Har du trenarkompetanse/er instruktør i ein idrett vil me gjerne vite det.

Scroll to Top