Lyst på ein super sommarjobb?

Hjelmeland idrettslag treng fleire leiarar til Full Fart 2017. Har  du lyst til på ein super sommarjobb?
Full Fart er ei aktivitetsveke som idrettslaget arrangerar for dei som er ferdige med 3. klasse til og med dei som er ferdige med 7. klasse.  Kvart år første veka etter skuleslutt, dette året er blir det 26. – 30. juni. Til dette trenge me positive, inspirerande og ansvarlege leiarar.  Me har eit lag med leiarar med erfaring frå tidlegare år, men treng minst to til som kan vera med denne veka.
Likar du og driva med idrett og aktivitetar ute, og likar du å arbeida med barn og unge, kan dette vera jobben for deg.
Høyres dette interessant ut? Send ein e-post til Torborg.kleppa@live.com, innan 1. juni. Skriv gjerne litt om deg sjølv og dine kvalifikasjonar for jobben. Har du trenarkompetanse/er instruktør i ein idrett vil me gjerne vite det.

Scroll to Top