Bestilling av klubbklede/ skiklede frå Trimtex

Då er det tid for ny bestillingsrunde av skiklede.
Me tar ikkje inn prøvar i år, så ta kontakt dersom de lurer på størrelsar eller liknande.
Me kan velge mellom dei alternativa som er lagt inn i bestillingsskjemaet.
Modell «Trainer Plus» er varmast, Element Plus deretter, og lettast/ tynnast er Element. Sjå meir info her.

For dei av dykk som ønskjer å bestille, så er det fint om de fyller ut vedlagt skjema (excel-fil), og sender på e-post til anna.lena.kleppa@marineharvest.com.

I fjor var det nokre som ikkje fekk det dei hadde bestillt . Dette beklagar me mykje. Det er fint om dei dette gjeld legg inn ny bestilling i år, om de fortsatt ønskjer det, så skal me prøve å gjere det betre i år.

Frist for bestilling blir førstkommande tysdag 24.oktober.
Trimtex – bestillingskjema

Camilla Haug Flem sitt bilete.

Scroll to Top