Månadsarkiv: mars 2018

Innkalling til årsmøte i Hjelmeland idrettslag

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Hjelmeland idrettslag.

Årsmøtet finn stad den 22. mars kl 20:00 i Hjelmelandshallen – tidlegare gjort kjent på heimesida og på facebook.

-Saker som eit medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast til styret seinast 15. mars.

-Fullstendig saksliste med alle saksdokument vert gjort tilgjengeleg for medlemane seinast ei veke før årsmøtet på heimesida www.hjelmelandil.no

-For å ha stemmerett må du ha fylt 15 år, vore medlem minst ein månad, og betalt kontingent. Medlemer under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om dette sjå Idrettslagets lov § 5 til § 8.

Velkomen!

Med venleg helsing Styret i Hjelmeland idrettslag