Spennande sommarjobb – Full Fart 2018

Hjelmeland idrettslag treng  leiarar til Full Fart 2018. Har  DU lyst til på ein super sommarjobb?
Full Fart er ei aktivitetsveke som idrettslaget arrangerar for dei som er ferdige med 3. klasse til og med dei som er ferdige med 7. klasse.  Kvart år første veka etter skuleslutt, dette året er blir det 25. – 29. juni. Til dette treng me positive, inspirerande og ansvarlege leiarar, som kan vera med denne veka.
Likar du og driva med idrett og aktivitetar ute, og likar du å arbeida med barn og unge, kan dette vera jobben for deg.
Høyres dette interessant ut? Send ein e-post til Torborg.kleppa@live.com, innan 1. juni. Skriv gjerne litt om deg sjølv og dine kvalifikasjonar for jobben. Har du trenarkompetanse/er instruktør i ein idrett vil me gjerne vite det.

Scroll to Top