«Haust-spillopper» – 13.-15. august

Hjelmeland idrettslag har i fleire år arrangert ein god start på sommarferien. I år vil me utvide og arrangere ei like god avslutning på sommarferien, og alle som skal byrje i 4.-8.klasse er invitert til å vere med!

Frå 13. til 15. august inviterer me til idrettsskule ved det nye klubbhuset på Hjelmeland. I løpet av desse dagane skal dyktige instruktørar ta dykk gjennom dette:

  • Måndag 13. august:
    • Variert ballaktivitet. Me skal innom mange ballspel og ha artige konkurransar og utfordringar!
  • Tysdag 14. august:
    • Me skal leike oss gjennom dei ulike elementa i langrennssporten, blant anna gjennom artige styrkeøvingar, stafettar og rulleski.
  • Onsdag 15. august:
    • Friluftsdag på Bjødnabu. Me skal prøve oss på orientering og andre uteaktivitetar, og me satsar på grilling til lunsj.

Me vil halde på frå 08.00 til 15.30 kvar dag, og dagane vil innehalde felles frukost, aktivitet, lunsj og frukt.

Pris: 750kr.

Påmelding på mail til erlendhennig@me.com innan onsdag 1.august. Me treng fullt namn, klasse og kontaktinformasjon til føresette. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom De lurer på noko! Eg kan nåast på mail-adressa over, eller på telefon: 98465614.

Velkomen til ei god avslutning på sommarferien!

Scroll to Top