VELKOMMEN TIL HJELMELAND SPAREBANK – CUP

Helga 1. – 2. september er det nok ein gong klart for Hjelmeland Sparebank – cup på fotballbana på Røgjelstad.

Denne fotballcupen for barn mellom 6 og 12 år er det desidert største idrettsarrangementet me har i Hjelmeland. I år deltek det nærare 90 lag frå Staal, MIL, Suldal, Erfjord og sjølvsagt våre eigne lag i denne aldersgruppa.
Laurdag brakar det laus med spel på tilsaman 8 banar på den store banen og i ball-bingen. Då er det dei mellom 6 og 9 år som skal spele. Mange 6-åringar skal spele sin aller første fotballkamp.  På søndag er dei mellom 10 og 12 år sin tur.
Under cupen skal me også for alvor ta i bruk det splitter nye og flotte klubbhuset vårt.
Me gler oss, og ser fram til ei helg med mykje idrettsglede!