Marine Harvest-rittet 2017

Marine Harvest-rittet blir dette året arrangert 1. og 2. september, i samband med Norsk Frukt- og laksefest.
Hjelmeland Idrettslag har arrangert Marine Harvest-rittet sidan 2009. Nytt i år, er at det er flytta frå juni til september. Då kan rytterarar og støtteapparat som kjem til Hjelmeland også få oppleva Norsk Frukt- og laksefest.
I tillegg har ein endra klassedelinga, klassar med 10-års intervall, eks. M21 – 30/ K21 – 30. Premiering til beste ryttar i kvar klasse.

Barnesykkelrittet

Marine Harvest- barnesykkelrittet blir arrangert fredag 1. september, kl. 18.00. Start og mål ved Hjelmelandshallen. Påmelding ved oppmøte på rittdagen frå kl. 17.00 – 17.30.

  • Under skulealder: Rundløype ved Hallen (gratis)
  • 1.–3. klasse: Grova t/r (kr 50)
  • 4.–6. klasse: Grova t/r – 2 gonger (kr 50)

Premie til alle.

Turritt med tidtaking:
2. september, starttidspunkt: kl. 12.00.
Hjelmeland – Tøtlandsvik t/r, 40 km –.  Start på vegen ved hotellet, målgang ved Hjelmeland kyrkje.

Løypetrasé
Løypeprofil

Forhåndspåmelding og prisar:

Forhåndspåmelding på eqtiming.no. NB! Kun forhåndspåmelding,  frist for påmelding er 1. september kl. 23.00.
Startnummer blir utlevert ved Hjelmelandshallen frå kl. 10.00 ritt-dagen.

  • Kr 250 + eventuell eingongslisens. Påmeldingavgifta gir også tilgang til Norsk Frukt- og laksefest.
  • Engongslisens på kr 150 (tillegg for syklistar utan helårslisens)

Alle som syklar får gratis frukt, mat og drikke.