Alle innlegg av Morten Hetland

Seniorlaget får ung trenarduo

NY HOVUDTRENAR: Leiar i Hjelmeland Idrettslag si fotballgruppe, Jarle Mjølhus (t.v.), presenterte Morten Bauge (t.h.) som ny hovudtrenar for seniorlaget under eit spelarmøte sist veke. (Foto: Morten Hetland)
NY HOVUDTRENAR: Leiar i Hjelmeland Idrettslag si fotballgruppe, Jarle Mjølhus (t.v.), presenterte Morten Bauge (t.h.) som ny hovudtrenar for seniorlaget under eit spelarmøte sist veke. (Foto: Morten Hetland)

Morten Bauge (18) har vore på utlån hjå Staal Jørpeland Idrettslag dei siste to åra, men kjem frå 2014-sesongen til å trena seniorlaget til Hjelmeland Idrettslag saman med assistenttrenar Marius Loktu (19).
Les vidare

Kunstgrasbanen er klar til bruk

Kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg er klar til bruk. (Foto: Gaute Hauge)
Kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg er klar til bruk. (Foto: Gaute Hauge)

Takka vera fleire titals dugnadsfolk har siste innspurt på kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg blitt klar til bruk i løpet av éi vekes tid. Arbeidet starta med å leggja kunstgras sist laurdag, og fotballmåla blei ferdig monterte av 10-15 dugnadsfolk i dag. Takk til alle flinke dugnadsfolk!
Les vidare

Kunstgrasbanen snart ferdig

ENDELEG KUNSTGRAS: Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd, er fornøgd med at kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsbane snart er speleklar. Her inspiserer han arbeidet med kunstgraslegginga saman med dottera Andrea, som òg gler seg til å kunna spela fotball på den nye kunstgrasbanen. (Foto: Morten Hetland)
ENDELEG KUNSTGRAS: Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd, er glad for at kunstgrasbanen på Hjelmeland Idrettsanlegg snart er speleklar. Her inspiserer han arbeidet med kunstgraslegginga saman med dottera Andrea, som òg gler seg til å kunna spela fotball på den nye kunstgrasbanen. (Foto: Morten Hetland)

I går, laurdag, starta arbeidet med å rulla ut kunstgraset på Hjelmeland Idrettsanlegg. Jarle Mjølhus, leiar i Hjelmeland kommune si byggjenemnd for anlegget, trur at fotballbanen er klar til bruk allereie neste helg.
Les vidare

Vellukka på Hjelmelandscupen 2013

Lag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag møttest til vennskapleg rivalisering på Fister Idrettsplass under Hjelmelandscupen 2013. (Foto: Morten Hetland)
Lag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag møttest til vennskapleg rivalisering på Fister Idrettsplass under Hjelmelandscupen 2013. (Foto: Morten Hetland)

17 barnefotballag frå Hjelmeland Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag og Forsand Idrettslag var sundag 18. august samla til Hjelmelandscupen 2013 på Fister Idrettsplass.
Les vidare

Randøy vann Hjelmelandsmeisterskapet i fotball

Randøy gjekk sigrande heim frå Hjelmelandsmeisterskapet i fotball. Bak (f.v.): Asle Håland, Ole Morten Håland, Jan Ove Sæbø, Jørgen Helland, Kristian Jakobsen, Kristian Førre, Tårn Stian Hovda og Lasse Vadla.  Framme (f.v.): Øystein Førre, Torstein Pedersen, Sondre Hovda, Stig Bergsagel, Even Bergsagel, Ola Randa og Frode Hovda. (Foto: Morten Hetland)
Randøy gjekk sigrande heim frå Hjelmelandsmeisterskapet i fotball.
Bak (f.v.): Asle Håland, Ole Morten Håland, Jan Ove Sæbø, Jørgen Helland, Kristian Jakobsen, Kristian Førre, Tårn Stian Hovda og Lasse Vadla.
Framme (f.v.): Øystein Førre, Torstein Pedersen, Sondre Hovda, Stig Bergsagel, Even Bergsagel, Ola Randa og Frode Hovda.
(Foto: Morten Hetland)

Hjelmelandsmeisterskapet i fotball vart arrangert i helga 6.-7. juli. Randøy vann 3-2 i finalen mot Årdal, etter to ekstraomgangar. Fister si sigersrekke er dermed broten, og den nye vandrepokalen gjekk til øya i vest. Les vidare