Hjelmelandshallen

Hjelmelandshallen er bygd for idrettsaktivitetar. Her samlast barn og unge til aktivitetar som byggjer opp og styrkjer kroppen.

Hjelmelandshallen vart opna i 2000.
(Foto: Bygdaposten)

Hjelmelandshallen vart opna i år 2000, og i dag er det handball og fotball som dominerer aktiviteten i hallen. Nokre helger i året er det samlingar, der fotball, handball eller volleyball blir sett i fokus.

Fredagskveldane er ungdomane i lag i foajéen for å spela, sjå på TV, høyra musikk, driva aktivitetar inne i hallen og ha det kjekt saman.

Hjelmeland Idrettslag er den største brukaren av hallen, men det er kulturkontoret i Hjelmeland kommune som administrerer bruken av Hjelmelandshallen.

Ein gjer merksam på at hallen til vanleg er stengt i skulane sine feriar, inkludert juleferien. Bruk i skuleferiane må avklarast med styreleiar, som søkjer halleigar Hjelmeland kommune om bruksløyve.

 

TidMåndagTysdagOnsdagTorsdagFredagLaurdagSundag
15.00-15.30Ski/ Ballspel Gutar 3.klasse (1/3)J11---
15.30-16.00Ski/ Ballspel Gutar 3.klasse (1/3)J11---
16.00-16.30SkiJ11---
16:30-17:00SkiJ11---
17:00-17:302. klasse ballspillJ9---
17:30-18:00J 10 ballspill/håndball2.kl ballspill2.kl ballspillJ9---
18:00-18:30J 10 ballspill/håndballJ 9 ballspill/håndball2.kl ballspillJ9---
18:30-19:00J 10 ballspill/håndballJ 9 ballspill/håndball2.kl ballspillJ9---
19:00-19:30J 14 håndballJ 9 ballspill/håndball---
19:30-20:00J 14 håndball--
20:00-20:30J 14 håndball--Styrketrening for vaksne damer
20:30-21:00--Styrketrening for vaksne damer
21:00-21:30--Styrketrening for vaksne damer
21:30-22:00---
22:00-22:30-----
22:30-23:00-------
Vanlege forkortingar:
- = ledig
kl. = klasse
G = gutar
J = jenter
G/J = gutar og jenter