J13 vart seriemeistrar i fotball

Hjelmeland sitt J13-lag i 2012. Laget vart seriemeistrar i nivå 1 avdeling 1.
Bak (f.v.): trenar Magnar Viga, Sunniva Ur Fjørtoft, Palma Synnøve Olsen, Mari Kvame Hetlesæter, Camilla Ullestad Olsen, trenar Frode Liland.
Framme (f.v.): Natalie Liland, Julie B. Vika, Sina Viga, Amalie Lyng Sandvik, Silje B. Vika.
(Foto: Morten Hetland)

Med 11 sigrar og berre eitt tap kapra J13-laget til Hjelmeland desidert flest seriepoeng i nivå 1 avdeling 1 i 2012-sesongen. Magnar Viga og Frode Liland har vore flittige trenarar, medan Ingvill Hauskevåg Gjertsen har vore lagleiar.

Les meir

Seniorlaget med nye drakter

Bak frå venstre: Marcin Wodka (trenar), Anis Kassimi, Odd Fossaa Viga, Håvard Langeland Mæle, Jon-Viggo Andresen, Even Bergsagel, Marius Loktu, Kenneth Iversen, John Eirik Svendsen og Sveinung Sandvik (lagleiar).
Framme frå venstre: Harald Andresen, Kristian Bjørkeland, Stig Bergsagel, Sondre Hovda, Joachim Sørreime Verpe, Henning Rød, Eirik Fossaa og Christian Vanvik.
(Foto: Morten Hetland/Hetland Media)

Hjelmeland Idrettslag har i år revidert avtalane med samarbeidspartnarane våre, noko som har ført til at lagsdraktene våre gradvis skal skiftast ut i løpet av dei neste åra. Først ut med nye drakter var seniorlaget i fotball.
Les meir

Lokaloppgjer enda med tap

Hjelmeland-kaptein Jon-Viggo Andresen (t.v.) kjempar om ballen mot Suldal-spelar Jone Utbjoa (t.h.). (Foto: Morten Hetland)

Lokaloppgjeret mellom 5. divisjonslaga Hjelmeland og Suldal enda med 1-3-tap for Hjelmeland. Likevel kan Hjelmeland-spelarane trøysta seg med at resultatet ikkje står heilt i stil med den jamnspelte kampen.
Les meir hjå Strandbuen.no →

Hjelmeland-jenter og Fister-gutar vart Hjelmelandsmeistrar

Hjelmeland tok det første nappet i den nyoppsette vandrepokalen i kvinneklassen. Frå venstre: Hanna Øvrehus, Elise Øvrehus, Kjersti Hjorteland, Maren Fossaa Viga, Lena Øvrehus, Marita Hetland, Anne Marthe Segadal Breiland, Hanna Sande og Anne Hjorteland. Framme: Martine Mæhle. (Foto: Morten Hetland)

Fister fekk vandrepokalen til odel og eige, etter å ha vunne Hjelmelandsmeisterskapet i fotball tre år på rad! Bak frå venstre: Eirik Terøy, Idar Eikelid, Kjetil F. Endresen, Joachim S. Verpe, Jon-Viggo Andresen, Kristoffer Grønvik, Stian Øvrehus, Frank Andreas S. Verpe, Jone F. Endresen. Framme frå venstre: Jone Nicolai Sigmundstad, Harald Andresen, Geir Magne Staurland, Vegard Terøy, Arnstein Thomsen, Henrik Grønvik og Kristian Bjørkeland. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland sitt kvinnelag vann finalen mot Fjordabuen i Hjelmelandsmeisterskapet i fotball på Fister Idrettsplass laurdag 7. juli. Sundag 8. juli vart finalen i herreklassen spelt, der Fister vann 3-1 mot Randøy. Med siger i Hjelmelandsmeisterskapet for tredje år på rad, har Fister kapra vandrepokalen til odel og eige.
Les meir