Kategoriarkiv: Handballgruppa

Full fart 2014 — Aktivitetsveke 23.–27. juni

Hjelmeland idrettslag inviterer alle i 3.–7. klasse til «Full Fart 2014» – ei aktivitetsveke frå 23.–27. juni: fem dagar fulle av aktivitet, der ein får prøva mange ulike idretts- og friluftsaktivitetar. Alt vert styrt av trivelege og inspirerande vaksne leiarar.
Dette er eit dagtilbod frå kl. 9.00–15.00, og aktivitetane føregår i området kring idrettsplassen på Fister og Hjelmeland. Barna får også servert eitt sunt og godt måltid kvar dag.

Målet for idrettslaget er å gje barna eit godt aktivitetstilbod i sommarferien. Meir informasjon om aktivitetane og om påmelding kjem etterkvart.

Og for dei som lurer, er dette det same aktivitetstilbodet som me har kalla idrettskule før, men for å visa at dette er noko heilt anna enn den skulen barna har sommarferie frå, så har me gitt veka eit nytt namn.

Ærefullt oppdrag

14 gutar og jenter frå Hjelmeland Idrettslag var maskotar for det franske handballandslaget. Frå venstre: Andreas Hauskevåg Gjertsen, Katarina Topp Sandvik, Eirikur Poulsen, Trine Moen Hausken, ukjend, Tarjei Sellevoll, Sebastian Vanvik, Sander Ullestad Olsen (delvis gøymd), Alexander Laugaland Munthe, Sindre Kvame, Olav Espeland Halsne, Nora Viga, Tarald Hagalid og Bernt Olav Tuntland.(Foto: Tone Kristin Laugaland Munthe)
14 gutar og jenter frå Hjelmeland Idrettslag var maskotar for det franske handballandslaget. Frå venstre: Anders Hauskevåg Gjertsen, Katarina Topp Sandvik, Eirikur Poulsen, Trine Moen Hausken, Martin Jørmeland Ødegård, Tarjei Sellevoll, Sebastian Vanvik, Sander Ullestad Olsen (delvis gøymt), Alexander Laugaland Munthe, Sindre Kvame, Olav Espeland Halsne, Nora Viga, Tarald Hagalid og Bernt Olav Tuntland.
(Foto: Tone Kristin Laugaland Munthe)

Hjelmeland sitt G11-lag i handball gjorde stas på det franske handballandslaget under landskampen mellom Noreg og Frankrike sist onsdag.
Les vidare

Minihandballturnering i Hjelmelandshallen

Hjelmeland Idrettslag inviterer til minihandballturnering i Hjelmelandshallen sundag 20. januar klokka 12:00.
(Foto: Linda Janet Fosse)

Sundag 20. januar 2013 er det endeleg Hjelmeland Idrettslag sin tur til å arrangera minihandballturnering. Turneringa blir i Hjelmelandshallen i tidsrommet 12:00-17:00. Det er påmeldt 25 minihandballag (1.-3. klasse) frå Forsand Idrettslag, Staal Jørpeland Idrettslag, Midtbygdens Idrettslag og Hjelmeland Idrettslag.