Kategoriarkiv: Skigruppa

Rulleskitrening

Fredag 21.august vert det rulleskitrening frå 4.klasse kl. 17:00, oppmøte ved Hjelmelandshallen.

Det vert trening med Stian og Trond.

Me reknar med full oppstart for alle frå 1.klasse og oppover fredag 28.august, men dette kjem det meir info om etterkvart. Me har dessverre ikkje nok folk til å starta opp med 1.-3.klasse i dag.

Ta kontakt med Trond Sandvik viss det er spørsmål, mobil 934 36 493.

Telenorkarusellen på Bjødnabu

1. renn, 1. februar 2015

72 løparar gjekk det første av tre Telenorkarusellrenn som skigruppa arrengerer denne vinteren. Vêret var strålande og forholda tipp-topp. Løparar i alderen 0–12 år gjekk så mange rundar dei klarte i den minste rundingen ved stadion (ca 600 meter) i løpet av ein halv time, medan dei frå 13 år av gjekk vanleg distanserenn. Publikum heia ivrig på skiløparane, som viste stor iver og innsatsvilje. Vi takkar alle som var med og hjalp til med å arrangera, frå løypekøyrar til speaker!

2. renn, 5. februar 2015

66 løparar deltok denne flott februakvelden. Takk igjen, til alle dykk som var med og hjalp til med arrangementet!

Resultatoversikt

Jostein Hetlesæter og Syvert Kleppa i god driv på Bjødnabu. (Foto: Hans Widerøe)
Jostein Hetlesæter og Syvert Kleppa i god driv på Bjødnabu under det første rennet. (Foto: Hans Widerøe)

Flott innsats i Norgescupen sist helg

Tobias Topp Sandvik under Norgescupen på Lygna fredag 16. januar 2015, der han kapra ein flott 9. plass i junior 17 år. (Foto: Trond Sandvik)
Tobias Topp Sandvik under 10 km fristil, der han kapra ein flott 9. plass i junior 17 år. (Foto: Trond Sandvik)

Tobias Topp Sandvik tok ein imponerande 9. plass på 10 km fristil i klassa for juniorar 17 år under Norgescupen på Lygna skistadion helgja 16.–18. januar. Han konkurrerte med 168 andre i sin klasse. Dagen etter blei han nr 18 i klassisk sprint, og søndagen kom han på 38. plass på 7,5 km klassisk distanserenn, totalt nr 14 i sin klasse etter tre renn.

Kristrun Gudnadottir deltok også og gjorde ein flott innsats i klassa for junior kvinner 18 år med ein 53., ein 52. og ein 51. plass. Vi gratulerer begge med innsatsen!

Skiføre på Bjødnabu

I morgon, fredag 12. desember, blir det skitrening, klassisk stil, på snø på Bjødnabu kl 17. Det er meldt bra vêr i morgon kveld, lite vind og eit par minusgrader, mao bra forhold! Ta likeveld godt med klede med, ettersom det sikkert er første gongen på snø for dei fleste. For dei eldste kan det vera lurt å ta eit par ski som ein ikkje er så redde for.

NB! Vi vil helst at alle går klassisk stil, då dette slit mindre på det relativt tynne snølaget vi har i løypa.

Vel møtt, alle saman!

Mari vann klassa si i 3-sjøarsløpet i helgja

Mari Hetlesæter under BDO-mila 2014, der ho vann kvinneklassen.
Mari Hetlesæter under BDO-mila på Ålgård i mai 2014, der ho vann kvinneklassen. Foto: Henning Wiig.

Mari Hetlesæter vann 14–15 årsklassa og blei nr 5 totalt i kvinneklassa med imponerande 1.29.19 på halvmaratondistansen i tresjøarsløpet i Stavanger laurdag 1. november. Andre deltakarar frå Hjelmeland var Ola Kleppa, Asbjørg Hetlesæter og Sigrund Mosnes. Vi gratulerer alle med flott innsats!

Sonesamling på Hjelmeland

RulleskiHjelmeland IL-ski inviterer til sonesamling på Hjelmeland søndag 9. november kl 10-15. Set av dagen, og bli med! Vindafjord, Sauda og Suldal blir også inviterte!
Stad: Marine Harvest sin store parkeringsplass på Hundsnes
Opmøte: kl 10 (slutt ca kl 15)
Aktivietar: Rulleskiløping og springing
Mat: alle tar med niste og drikke (vi et inne i MH si kantine)
Utstyr: alt du treng for rulleskiløping, joggesko og joggetøy for årstida. Dei som har utstyr til både skøyting og klassisk, kan ta det med.
Elles: Godt humør
Vi kjem tilbake med detaljert treningsprogram når det er klart.

Skigruppa