Marcin vann julebadminton

Marcin Wodka (i midten) vann Hjelmeland Idrettslag si badmintonturnering i Hjelmelandshallen 2. juledag. Geir Østerhus (t.v.) kom på andreplass og Ronny Mæland (t.h.) enda opp med tredjeplassen.
(Foto: Morten Hetland)

Seksten mannfolk frå 14 til 64 år var i full sving under badmintonturneringa til Hjelmeland Idrettslag i Hjelmelandshallen 2. juledag. Marcin Wodka vart suveren vinnar, med Geir Østerhus og Ronny Mæland på høvesvis andre- og tredjeplass.
Les meir

Tobias Topp Sandvik i sykkel-UM

Tobias Topp Sandvik var ein sterk ryttar i Marine Harvest-rittet 2012, og kunne absolutt måla krefter med dei vaksne. No har han òg fått gode plasseringar i ungdomsmeisterskapet i sykling. (Foto: Morten Hetland)

13 år gamle Tobias Topp Sandvik frå Hjelmeland gjorde det godt med gode plasseringar i ungdomsmeisterskapet i sykling i Skien sist helg. I 10 km tempo kjempa han seg til 11. plass, medan han oppnådde ein flott 7. plass i 36,5 km fellesstart.
Les meir hjå Strandbuen.no →

Aktiv idrettsskule

Synne Hovda (t.v.), Sindre Kvame (i midten) og Nora Viga (t.h.) er alle samde om at det er kjekt å gå på Idrettsskule den første veka i skuleferien. (Foto: Morten Hetland)

Som i dei siste åra har Hjelmeland Idrettslag arrangert Idrettsskulen for 3.-7.-klassingar den første veka i skuleferien. I år har 40-50 born nytta seg av tilbodet om ei aktiv «skuleveke».
Les meir

Resultat frå Marine Harvest-rittet

Erlend Widerøe Hennig og Hege Regina Aartun tok kvar sitt napp i dei heilt nye vandrepokalane for menn og kvinner i Marine Harvest-rittet. (Foto: Dag Anton Boge/Strandbuen)

Hjelmeland Idrettslag arrangerte Marine Harvest-rittet for fjerde gong i dag, 3. juni 2012. 75 deltakarar fullførte den 41 kilometer lange løypa tur/retur Tytlandsvik.
Les meir

Resultat frå Fisterløpet

Fellesstart for borna i Fisterløpet 2012. (Foto: John Petter Nordbø/Strandbuen)

Hjelmeland Idrettslag takkar alle som deltok i Fisterløpet 20. mai 2012, og gratulerer Mari Hetlesæter, Tobias Topp Sandvik, Kristrun Gudnadottir, Nina Kristin Holta og John André Staurland med førsteplassar i kvar sine klassar. Dessutan vart Team Awesome det beste stafettlaget.
Les meir