Kiosken på Fister

Med mange brukarar av Klubbhuset på Fister, er det viktig at alle bidreg til å halda det reint og ryddig, særskilt på kjøkken og toalett. Under følgjer dei kioskansvarlege sine oppgåver:

  • Nøklar og skrinet med vekslepengar kan dei kioskansvarlege henta og levera hjå Roy Munthe på Pundsnes (tlf. 92 04 32 10).
  • I skrinet ligg det vekslepengar som må teljast opp og førast på lista før skrinet blir levert tilbake.
  • Vekslepengane skal ikkje brukast til dommarutgifter.
  • Vaffeljern ligg i bua. Dei kioskansvarlege tek med seg vaffelrøre.
  • Merk: Ikkje bruk formfett på sprayboks til vaffeljernet.
  • Kaffi og te ligg i skap i kiosken.
  • Prisliste heng på vindauget.
  • Etter kampen skal dei kioskansvarlege rydda og vaska kjøkkenet, og søppelet skal tømmast og kastast i den eine konteineren på parkeringsplassen.
  • Vaskemiddel, moppar, vaskebøtter og støvsugar ligg i bøttekottet. Oppvaskmiddel og vaskefiller ligg i ei av dei nedste skuffene på kjøkkenet.
  • Dei kioskansvarlege må sjå til at toaletta ser ryddige og reine ut. Dersom det er drege inn gras, må dette sopast opp.
Gje tilbakemelding til kioskansvarleg (sjå kontaktinformasjon her) dersom du saknar noko i bua.