Marine Harvest-rittet

Hjelmeland Idrettslag har arrangert Marine Harvest-rittet sidan 2009. 1. juni 2013 blir sykkelrittet arrangert for femte gong.

Førehandspåmelding til Marine Harvest-rittet 2013

Nytt i årets elite/aktiv-klasse, junior og senior: Første mann i mål under 1:00:00 og første kvinne i mål under 1:07:00 vinn kr 5.000 i kontantar. Tar du utfordringa?

Påmelding til eliteklassen finn du på MinIdrett.no. (MERK: Elitesyklistar må ha heilårslisens og stilla i godkjent sykkeldrakt.)

Løypetrasé

Løypeprofil

Klassar:

1. Trimklasse (utan tidtaking) – starttidspunkt 11:30-12:30
  • Hjelmeland – Steinsland t/r, ca. 6 km – Enkelt kr 100 – Familie kr 200 – Lisens (kr 30) kjem i tillegg. – Alle aldrar.
  • Hjelmeland – Tytlandsvik t/r, ca. 41 km – Enkelt kr 100 – Familie kr 200 – Lisens (kr 30) kjem i tillegg. – Aldersgrense: 15 år
2. Elite/aktiv Hjelmeland – Tytlandsvik t/r, 41 km – Starttidspunkt; 13:00
  • Menn/kvinner – 15-16 år * kr 150 ** kr 200 (Eingongslisens på kr 50 kjem i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.)
  • Menn/kvinner – junior * kr 250 ** kr 300 (Krav: heilårslisens og klubbdrakt.)
  • Menn/kvinner – senior * kr 250 ** kr 300 (Krav: heilårslisens og klubbdrakt.)
3. Turritt med tidtaking – Starttidspunkt: 13:10

(Eingongslisens på kr 150 kjem i tillegg for syklistar som ikkje har heilårslisens.)

  • Menn/kvinner – 13-14 år: Hjelmeland – Laugalandsbrekka t/r, 30 km * kr 200 ** kr 250
  • Menn/kvinner – 15-16 år: Hjelmeland – Tytlandsvik t/r, 41 km * kr 200 ** kr 250
  • Menn/kvinner – junior: Hjelmeland – Tytlandsvik t/r, 41 km * kr 250 ** kr 300
  • Menn/kvinner – senior: Hjelmeland – Tytlandsvik t/r, 41 km * kr 250 ** kr 300
4. Barnesykkelritt Starttidspunkt: 11:30 – 12:30
  • Under skulealder: Rundløype på P-plassen ved Hjelmelandshallen (gratis)
  • 1.–3. klasse: Hjelmelandshallen – Grova t/r – start klokka 11:30 (50 kr)
  • 4.–6. klasse: Hjelmelandshallen – Grova t/r – start klokka 12:00 (50 kr)

 

* Førehandspåmelding innan 25. mai 2012
**Etterpåmelding frå klokka 10:00 rittdagen

Henting av startnummer og etterpåmelding SEINAST EIN HALVTIME før start.

Hugs å visa fram kvittering for betalt lisens på rittdagen.

 

Resultatliste, turløp og aktive klassar, 2012

You must log in to post a comment.