Hjelmeland A-lag spelte årets første heimekamp i går, då dei tok imot SIF 2 . Det var ein jamn start på kampen, med fint spel frå begge lag. Midtvegs i første omgang var det likevel gjestane som tok leiinga. Hjelmeland svarte godt på baklengsmålet og pressa på med fleire store målsjansar, men ballen ville ikkje i mål.
Rett før pause fekk SIF straffe, men Rasmus Steine sto fram som ein ekte helt og redda forsøket på mesterleg vis. Gjestane gjekk likevel til pause med ei knapp 0–1-leiing.
Etter ein god pauseprat kom Hjelmeland ut i hundre. Thomas Munthe scora to kjappe mål og snudde kampen til 2–1. Like etter auka Even Østensen til 3–1, og Hjelmeland såg ut til å ha full kontroll.
I ein periode dominerte heimelaget spelet og skapte sjanse på sjanse, men klarte ikkje å punktere kampen. I staden fekk SIF eit gjennombrot og reduserte til 3–2. Kort tid etter fekk Hjelmeland eit raudt kort, SIF utnytta overtalet og utlikna til 3–3.
Kampen enda dermed uavgjort etter ein intens og underhaldande kamp med mykje god innsats frå begge lag. Nå tar A-laget påskeferie, før serien starte opp igjen borte mot Madla 3 den, 23.april.
