Påmelding til Viking Fotballskule på Hjelmeland!

Hei!

Har du lyst til å avslutta sommarferien med noko skikkeleg kjekt? Årets fotballskule nærmar seg, og me vil veldig gjerne at du skal vera med!

I samarbeid med Viking FK inviterer Hjelmeland Idrettslag jenter og gutar født i 2014-2017 (9-12 år) til to dagar med fotballglede, meistring og utvikling saman med dyktige instruktørar frå Viking-akademiet. Fotballskulen legg til rette for lærerike økter, masse speleglede og nye vennskap!

Spelarar frå alle klubbar er velkomne, uansett nivå – idrettsglede for alle!
 
obs! Fotballskulen blir gjennomført dersom det er minimum 60 påmelde deltakarar.
 
Praktisk informasjon:
Dato: Fotballskule 13.-14. august 2026 (torsdag og fredag)
Sted: Hjelmeland Kunstgrasbane Oppmøte: Hjelmeland Klubbhus 15 minutter før oppstart         (Ramsbu 37, 4130 Hjelmelandsvågen)
Påmeldingsfrist: 1. august 2026 
 
Inkludert:
  • Kampbillett til neste Viking-kamp
  • Viking-sekk
  • 4 økter med dyktige instruktørar
  • Næringsrik påfyll av frukt og brødmat under øktene
Treningstider
2014 – 2015 trener 09:45-12:30
2016 – 2017 trener 12:45-15:30*
*Tidspunkt kan bli justerte ut frå aldersfordelinga blant dei påmelde

Betaling
Deltakaravgifta er kr. 1 000 (kr 200 søskenrabatt)
Betalingsfrist: 2.august 2026

Betal deltakaravgifta til Viking FK sitt kontonummer: 3201 07 00387
Merk betalinga med: Namn på deltakar + Viking Fotballskule 2026
 
obs! Du vil ikke få ei automatisk stadfesting på e-post. Påmeldinga er registrert når du har sendt inn skjemaet og fått stadfesting på skjermen. Ønskjer du ei stadfesting, sjå kontaktinformasjon nedanfor.
 
Kontaktperson: post@hjelmelandil.no
Scroll to Top