Ope Klubbhus – Etter skuletid

Ope Klubbhus

Hjelmeland Idrettslag  ønskjer å vere meir enn ein stad for organisert idrett. Vi ønskjer å vere ein aktiv, trygg og inkluderande del av lokalsamfunnet – med idrettsglede, engasjement og plass til alle.

Ope Klubbhus er ein møteplass to dagar i veka, der alle barn fra 5.-7. klasse kan kome som dei er, møte vener, vere aktive, lære noko nytt eller berre ha ein stad å vere etter skuletid.

Samtidig ønskjer vi å gi barna anledning til å utvikle fellesskap, respekt, meistring og ansvar. Gjennom aktivitet, samarbeid og bruk av klubbhuset lærer barna å byggje gode vanar, ta vare på kvarandre og ta ansvar for felles utstyr og omgjevnader.

🧡 Plass til alle

For oss betyr det mykje å skape møteplasser for barn som kanskje ikje finn sin plass i den organiserte idretten – ein stad dei kan høyra til og ta vare på.

PRAKTISK INFORMASJON

Ope Klubbhus er for alle på 5.-7. trinn. Det er gratis og utan påmelding. Du treng ikje vere medlem av Hjelmeland IL.

📅 Opningstider

  • Måndag: 14:30 – 17:30
  • Tysdag:    12:45-15:45

Ope: 31. august til 17. desember 2026
Stengt veke: 41, 49, 52 og 53

obs! Ope Klubbhus vil også bli gjennomført enkelte torsdagar. Oppdatert informasjon kjem veka før.

Til foreldre: Følg Facebook-gruppa vår for oppdatert informasjon om opningstider:
https://www.facebook.com/share/g/1B152Ae5T6/?mibextid=wwXIfr


🎯 Aktivitetar

  • Matlaging og baking
  • Teikning, maling og andre kreative aktivitetar
  • Brettspel, kortspel og PlayStation
  • Leik, aktivitet og ballspel i og rundt klubbhuset/idrettshallen
  • Kubb, frisbeegolf
  • Lekser
  • Bingo og quiz
  • Musikk, film, avslapping
  • Vere saman med vener

Mat inkludert

Vi serverer enkel mat og drikke, med fokus på variasjon og gode matvanar. Vi tek omsyn til matallergier så langt det er mogleg. Gi gjerne beskjed på førehand, da sørgjer vi for at det alltid finst eit godt alternativ!


Slik har vi det på Ope Klubbhus

Ope Klubbhus skal vere ein trygg og god stad for alle

  • Vi er hyggelege og inkluderande
  • Vi respekterer kvarandre og let alle få vere med
  • Vi høyrer på leiarane og følgjer beskjedane
  • Vi tek vare på klubbhuset og utstyret
  • Språk og tone som gjer at alle kan kjenne seg trygge
  • Vi ryddar etter oss

Dersom reglane ikje blir følgde
Vi ønskjer å løyse situasjoner gjennom dialog og rettleiing. Dersom ein eller fleire deltakarar ikje følgjer reglane eller beskjedane frå leiarane, kan det blir nødvendig med ein pause frå aktiviteten eller ein samtale med føresette. Dette for å ivareta tryggleiken og trivselen til alle.

Ein stad å høyre til – også etter skuletid🧡

Kontaktperson
Annabel Rosenberg – Aktivitetsleiar
E-post:
post@hjelmelandil.no

Velkommen til Ope Klubbhus!

Rull til toppen