Vi gler oss til å ønskje spelarar, trenarar, foreldre, frivillige, dommarar og publikum velkomne til ein dag fylt med fotballglede og Fair Play på Hjelmeland laurdag 26. september!
Kampoppsett
På MyLivescore finn du oversikt over alle kampane, speletider og banar. Du kan finne laget ditt og sjå kva kampar dei skal spele. Tips: Finn laget ditt under «Lag», eller sjå alle kampane i kronologisk rekkefølgje under «Kamper» eller filtrer under «Alle faser».
Sjå kampoppsettet her:
https://mylivescore.eu/no/t/rogaland-sparebank-cup-ny
Det kan kome mindre justeringar i kampoppsettet fram mot cupdagen, så vi anbefaler å sjekke oppsettet på nytt før avreise.
Praktisk informasjon
Parkering
På grunn av bygginga av den nye ungdomsskulen er parkeringskapasiteten avgrensa.Vi oppmodar derfor alle til å samkøyre, og dei som bur i sentrum, til å gå eller sykle til cupen.
Parkeringsvakter vil vere til stades og vise veg til tilgjengelege parkeringsplassar. Vi ber alle om å følgje dem og ha god avstand til byggjeområdet.
- Hjelmelandshallen og grusbanen
- Ungdomsskolen og idrettsanlegget
- Rogaland Sparebank
Premieutdeling
Lagledarar / trenerer må innom sekretariatet og fylle ut navneliste over spelarane, slik at alle får namnet sitt lese opp under premieutdelinga
Fair Play
Vi oppmodnar alle til å bidra til ein trygg og positiv cupdag. Vis respekt for medspelarar, motspelarar og dei unge dommarane våre.
Annet
- Kiosk: I klubbhuset og nede ved garderobene
- Toalett og vattn: tilgjengeleg i klubbhuset og ved garderobene
- Hjertestartar: Ved garderobane
- Leikeplass: Ved ungdomsskulen (brakkene)

