Endeleg seriepoeng

Kristian Bjørkeland (t.v.) og Vegard Terøy (t.h.) skåra to mål kvar i 6-1-kampen mot Jarl. Dei to andre måla vart skåra av Kenneth Iversen og Marius Loktu. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland Idrettslag sitt A-lag i fotball greidde sist måndag å klatra opp frå nedrykksposisjon i 5. divisjon avdeling 2. Etter ti strake tap kom sigeren som trenar Marcin Wodka og spelarane hans har lengta etter.

Omtrent alt gjekk som det skulle då Hjelmeland sigra 6-1 over Jarl på Årdal Stadion. Før kampen var eitt minutt gammal skåra Vegard Terøy det første målet, etter ei flott gjennombrotspasning frå Even Bergsagel. Kristian Bjørkeland prøvde seg så mot Jarl-målvakta, og planta 2-0-målet før kampen vart noko tam. Dei siste fem minutta i første omgang mista Hjelmeland kontrollen på ballen, men dei få målsjansane Jarl fekk vart parert av Hjelmeland-målvakt Joachim Sørreime Verpe.

Starten av andre omgang vart totalt målfattig, fram til Kristian Bjørkeland på elegant vis planta 3-0-målet. Kort tid etterpå prøver Bjørkeland seg igjen på eitt angrep og sparkar ballen til venstrespissen, men etter litt klabb og babb blir det Kenneth Iversen som får skåra Hjelmeland sitt fjerde mål. Få minutt seinare får ein igjen oppleva eitt offensivt Hjelmeland, og Vegard Terøy sender ballen i mål til 5-0. Vått gras og våt ball spelar ikkje på lag med målvakt Verpe, og Jarl får sitt trøystemål før kampen går inn i sine siste minutt. Marius Loktu får så gleda av å skåra Hjelmeland sitt sjette og siste mål i denne kampen, og dommaren bles av kampen til velfortent 6-1-siger for Hjelmeland.

– Me kontrollerte mesteparten av kampen og spelarane skåra fleire mål, så dette var ein god kamp for oss. Eg håpar at spelarane vil kjenna seg meir sjølvsikre i den neste kampen, og at dei har tru på at dei kan spela fotball, skåra mål og vinna kampar, seier trenar Marcin Wodka til Strandbuen.

Med denne sigeren greidde Hjelmeland å klatra forbi Jarl, og senda dei til nedrykksplassen. Hjelmeland og Jarl har per i dag like mange poeng i serien, men Jarl har grunna noko dårlegare måldifferanse hamna nedst på tabellen.

– No håpar eg på godt resultat i torsdagens kamp mot Ild, og så må me sjølvsagt prøva å halda eit godt nivå og halda fram med eitt smil i resten av sesongen, held Wodka fram.

Scroll to Top