Om idrettslaget

Hjelmeland Idrettslag har røter tilbake til Hjelmeland Turn- og Idrettsforening, som blei stifta 4. april 1910, og er dermed det eldste idrettslaget i Ryfylke.

I starten var det turn og friidrett som var dei store satsingane, men opp gjennom åra har aktivitetane i idrettslaget endra seg i takt med trendane i samfunnet.

I dag har Hjelmeland Idrettslag fire avdelingar:

med organisert idrettsaktivitet
0 år

Historie

2019

Årdal blir med

Hjelmeland Idrettslag slår seg saman med Årdal Idrettslag.

2006

Hjelmeland Idrettslag

Idrettslaget Hjelm og Fister Idrettslag slår seg saman, og dannar Hjelmeland Idrettslag.

1967

Handball

Handballinteressa begynte å voksa fram, men aktivitetsnivået der har vore noko vekslande.

1958

Ski blir idrett

Vinteridrett blir for første gong nemnt i protokollane til idrettslaget.

1947

Endeleg eigne fotballbanar

Idrettslaget Hjelm blei stolt eigar av ny fotballbanen på Flòtene, eit lite stykke nord for Hjelmelandsvågen. Det same året kunne Årdal Fotballag invitera Idrettslaget Hjelm til fotballkamp på sin nye fotballbane på Moen.

1945

Namneskifte og ny draktfarge

Noregs Idrettsforbund godkjente at Hjelmeland Turn- og Idrettsforening kunne skifta namn til Idrettslaget Hjelm. Draktene skulle frå nå av vera kvite skjorter og svarte bukser.

1941

Idrettsrørsla i streik

Nazistane var tidleg ute etter idrettsungdommen, for å få dei med i nyorganiserte idrettssamband med nazileiing. Det førte til at leiarane i idrettslaget lét arbeidet kvila, og nesten alt organisert idrettsarbeid i Ryfylke låg nede i krigsåra; frå vinteren 1941 til mai 1945.

1935

Årdal Fotballag

Årdal Fotballag blei stifta 5. mai 1935. Leiv Hadland, Kr. Torbjørnsen, Trygve Sæbø og Leiv Vadla utgjorde det første styret.

1934

Fast fotballbane

Idrettslaget fekk leiga fast fotballbane, og dermed blei fotball hovudaktiviteten i idrettslaget frå 1934 og heilt fram til vår tid.

1918

Fotballen rullar til Hjelmeland

Doktor Pedersen hadde sett fotball i England, og fekk med seg fleire hjelmelandsbuar på å spela fotball. Fotballidrett tok så mykje fokus at både friidretts- og turnaktivitetane blei lagde på is fram til 1921.

1912

Første turnoppvisning

Utøvarane var for det meste folk frå eller nær Hjelmelandsvågen, og turnoppvisninga blei halden på ungdomshuset.

1910

Idrettslaget blei stifta

Hjelmeland Turn- og Idrettsforening blei stifta 4. april 1910 av Kristoffer Brakstad, Halftan Halvorsen, Ole Halvorsen, Bertel Haugsland og Johan Haugsland.

Scroll to Top