Presentasjon av Start-produkt i Spinneriet

Svein Suhr

Svein Suhr presenterer Start-produkt i Spinneriet måndag 22. oktober.

Svein Suhr, som importerer Start-produka i Noreg, har nett vore i Finland (der dei lagar Start) for å få med seg dei nyaste produkta på området.

Måndag 22. oktober kjem han til Hjelmeland for å visa oss det han har, og for å læra oss å smørja med Start sine smurningar. Start er kjend for mange gode smurningar, men dei har og mykje anna, som skistavar, rulleski, rilleutstyr osv.

Presentasjonen blir i 2. etasje i Spinneriet i Hjelmelandsvågen frå klokka 17 og utover. Hovedpresentasjonen går klokka 18.00.

Det blir høve til å kjøpa/tinga produkt med god rabatt.

Skigruppa i Hjelmeland Idrettslag stiller med kaffi og saft, og kanskje litt attåt.

Møt opp, både små og store!

Scroll to Top