Flott innsats på Hovden

Tobias Topp Sandvik.
(Foto: Hans Widerøe)

Over 300 løparar stilte til start på Hovden sist søndag. Eit lett snøfall natt til søndag og mange minusgrader gjorde at dei elles faste og fine løypene med kunstsnø i botn blei heller lause utover renndagen.

Rennet gjekk i klassisk stil, og dette sette ekstra store krav til løparane som måtte arbeida hardt for kvart stavtak.

Hjelmeland IL stilte med 19 løparar, noko som er rekord for Hovdenrennet. Tre løparar kom på pallen i svært hard konkurranse med løparar frå heile skikrinsen, som omfattar begge Agder-fylka og Rogaland.

I klassa for jenter 13 år gjekk Hannah Chaplin Laugaland inn til ein solid andreplass, og Mari Kvame Heltesæter tok ein like flott andreplass i klassa for jenter 14 år. Tobias Topp Sandvik kom berre fem sekund bak vinnaren i gutar 15 år, og det heldt til ein sterk tredjeplass. Dei andre løparane frå Hjelmeland gjekk også fine løp, men nådde ikkje like langt opp som desse tre.

Hovdenrennet er det første rennet for sesongen, og her møtest uøvarane for første gongen på lenge for å måla krefter. For mange er det også første gongen med snø under skia sidan sist vinter. Med mange treningstimar på barmark i kroppen, tar det gjerne litt tid før ein venner seg til det å gå på ski. Men med eit tett sesongprogram og renn nesten kvar helg fram til mars, blir det mange høve for løparane å visa kva dei duger til framover.

Dei første renna blir julerennet på Korlevoll (Seljestad) andre juledag og Røldalsrennet 30. desember. Alt første helgja i januar skal skigruppa ha treningshelg på Gullingen i Suldal, og 9. januar går første rennet i Telenorkarusellen på Bjødnabu.

Fullstendig resultatliste frå Hovdenrennet 2012

Tre glade skiløparar (frå venstre): Amalie Lyng Sandvik, Hannah Chaplin Laugaland og Mari Kvame Hetlesæter. (Foto: privat)
Scroll to Top