Endeleg nye skidrakter

Ein heil delegasjon frå Hjelmeland Idrettslag var representert i Saudasprinten 2013 med nye skidrakter.Framme frå venstre: Kristrun Gudnadottir, Kristin Hetlesæter, Hannah Chaplin Laugaland, Øyvind Opdahl Viga, Hedda Opdahl Viga og Malin Opdahl Viga Bak frå venstre: Gunnbjørg Hetlesæter, Mari Hetlesæter, Gaute Widerøe Hennig, Timothy Lee Laugaland, Ingebjørg Vik Laugaland, Kjell Laugaland, Erlend Widerøe Hennig, Ola Mjølhus, Ola Kleppa og Svein Hjørungdal. (Foto: Svein Hetlesæter)
Ein heil delegasjon frå Hjelmeland Idrettslag var representert i Saudasprinten 2013 med nye skidrakter. Klikk for å forstørra biletet og sjå namn på løparane.
(Foto: Svein Hetlesæter)

Ventetida er endeleg over. Hjelmeland Idrettslag har fått nye skidrakter, spesialdesigna av Trimtex. I tillegg til Tobias Topp Sandvik, som viste fram den nye konkurransedrakten i Holmenkollen sist helg, var ein heil delegasjon frå skigruppa representerte i Saudasprinten den same helga.