Månadsarkiv: februar 2015

Dommarkurs

Har du lyst til å prøva deg som fotballdommar?
Onsdag 8. april  blir det dommarkurs . Kursstart er førebels sett til kl. 18. 00.
Kurset er for guttar og jenter frå 12 år og oppover.
Idrettslaget har stadig behov for nye dommarar, og håpar at mange vil vera med på kurset!
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Even Stakkeland, tlf. 95721479.

Telenorkarusellen på Bjødnabu

1. renn, 1. februar 2015

72 løparar gjekk det første av tre Telenorkarusellrenn som skigruppa arrengerer denne vinteren. Vêret var strålande og forholda tipp-topp. Løparar i alderen 0–12 år gjekk så mange rundar dei klarte i den minste rundingen ved stadion (ca 600 meter) i løpet av ein halv time, medan dei frå 13 år av gjekk vanleg distanserenn. Publikum heia ivrig på skiløparane, som viste stor iver og innsatsvilje. Vi takkar alle som var med og hjalp til med å arrangera, frå løypekøyrar til speaker!

2. renn, 5. februar 2015

66 løparar deltok denne flott februakvelden. Takk igjen, til alle dykk som var med og hjalp til med arrangementet!

Resultatoversikt

Jostein Hetlesæter og Syvert Kleppa i god driv på Bjødnabu. (Foto: Hans Widerøe)
Jostein Hetlesæter og Syvert Kleppa i god driv på Bjødnabu under det første rennet. (Foto: Hans Widerøe)