Hjelmeland Sparebank-cup vel overstått!

Det vart for andre år på rad arrangert fotballturnering på det nye sentralidrettsanlegget på Hjelmeland den 29. og 30.august

Det var i år rekordmange lag, heile 86 lag mot 40 lag året før. Det vart delt ut over 600 deltakarpremiar!

Laurdag spelte 1.-5.klasse, og søndag var 6. og 7.klasse på plass.

Me seier tusen takk til kjempeinnsats frå fotballgruppa, med god planlegging, og alle dugnadsfolk som var i sving, gilde ungdommar i kiosk og som dommarar, og supre vaksne til parkering, sekretariat, kiosk og anna organisering. Alt dette var med og gjorde Hjelmeland Sparebank-cup til eit godt gjennomført arrangement.

Det var også to kioskar i sving, der ein bl.a kunne kjøpa seg grilla laks frå Hjelmeland.

Det hadde sjølvsagt ikkje vore det same utan motspelarar og det deltok lag frå Hjelmeland,  Strand og Stavanger. Takk til alle som tok turen!

Kjekt også at så mange var tilstades og såg på kampar og heia på ivrige fotballspelarar!

Scroll to Top