Månadsarkiv: mai 2018

Spennande sommarjobb – Full Fart 2018

Hjelmeland idrettslag treng  leiarar til Full Fart 2018. Har  DU lyst til på ein super sommarjobb?
Full Fart er ei aktivitetsveke som idrettslaget arrangerar for dei som er ferdige med 3. klasse til og med dei som er ferdige med 7. klasse.  Kvart år første veka etter skuleslutt, dette året er blir det 25. – 29. juni. Til dette treng me positive, inspirerande og ansvarlege leiarar, som kan vera med denne veka.
Likar du og driva med idrett og aktivitetar ute, og likar du å arbeida med barn og unge, kan dette vera jobben for deg.
Høyres dette interessant ut? Send ein e-post til Torborg.kleppa@live.com, innan 1. juni. Skriv gjerne litt om deg sjølv og dine kvalifikasjonar for jobben. Har du trenarkompetanse/er instruktør i ein idrett vil me gjerne vite det.

Fisterløpet 2018 – 10. mai

Program for dagen:
10:00 Opning – registrering/start trimklasse – turgåarar
13:00 Start born under skulealder
13:20 Start born og yngre junior (1.-4. kl og 5.-7. kl)
13:40 Start eldre junior (8.-10. kl)
14:00 Start kvinner/menn/stafett
15:00 Premiering

Trimklasse:
For små og store turgåarar – 3 km eller 8 km

Aktive klassar:
Mini (under skulealder) – 600 m
Barn (1.-4. kl.) – 600 m
Yngre Junior (5.-7. kl.) – 1,5 km
Eldre Junior (8.-10. kl.) – 3,0 km
Kvinner – 4,5 km
Menn – 7,5 km
Stafett (2-5 løparar, mix, alle aldrar), 5×1,5 km

Påmelding til aktive klassar via internett:
https://signup.eqtiming.no/?Event=Hjelmelandil

Premiering:
Deltakarar i trimklasse: Premie for 1., 2., 3., 5., 10., 15., 20. og 25. gong.
Vandrepokalar for herre og dame, samt eldre junior (8.-10. kl.).
Alle i aktive klassar får deltakarpremie.

Påmeldingsavgift:
Barn (under 17 år): 75,-
Vaksne: 150,-
Familie: 250,-
Merk: Påmelding gjev tilgang til både trimklasse og aktiv klasse. Familiekontigent berre i trimklassen.

Kiosken er open under heile arrangementet.

Velkommen!