Krav om politiattest

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile den norske idrettsrørsla skal krevja politiattest mot seksuelle overgrep mot barn.

Ordninga gjeld for alle som skal utføra oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovafor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga tredde i kraft 1. januar 2009.

I Hjelmeland Idrettslag blir ordninga med krav om politiattest handtert på følgjande måte:

Alle som skal utføra oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovafor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal innhenta politiattest. Dette skal gjerast i samråd med styreleiaren i Hjelmeland Idrettslag. (Klikk her for kontaktinformasjon til styret.) Styreleiaren har teieplikt ovafor uvedkomande i høve til opplysningane han får kjennskap til gjennom innhenting av politiattestar.

Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligare ilagt førelegg/dømt for brot på straffeloven om seksuallovbrot ovafor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhenta politiattest for andre straffbare tilhøve. Innhenting av politiattest er gratis.

Innhenting av politiattest på ein-to-tre:

  1. Idrettslaget fyller ut søknad om politiattest og tek med informasjon om den søknaden gjeld for, og søknaden blir underteikna av styreleiar og søkjar før søknaden blir sendt til politiet.
  2. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Politiattesten blir ikkje sendt til idrettslaget.
  3. Den søknaden gjeld for, skal visa fram politiattesten til styreleiaren i Hjelmeland Idrettslag. Idrettslaget skal ikkje lagra attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.

Personer som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje setjast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovafor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.