Hjelmelandsmeisterskapet i fotball vart arrangert i helga 6.-7. juli. Randøy vann 3-2 i finalen mot Årdal, etter to ekstraomgangar. Fister si sigersrekke er dermed broten, og den nye vandrepokalen gjekk til øya i vest.
Hjelmelandsmeisterskapet vart arrangert for 35. gong laurdag og sundag 6. og 7. juli. Meisterskapet har blitt arrangert kvart år sidan 1978, med unntak av i 2006, då arrangementet vart avlyst grunna for få påmelde lag.
I år vart det berre herreklasse, og laga som stilte der var: Vormedalen, Askvik, Randøy, Fister, Årdal, Juniorane og FK Kvaløy. Sistnemnde måtte trekkja seg etter laurdagskampane, då fleire av spelarane deira vart skada.
Alle laga møtte kvarandre til kamp éin gong, og laga med flest poeng frå desse kampane (høvesvis Randøy og Årdal) møttest i finalen. Etter ordinær tid på 2×20 minutt stod stillinga 2–2, og det måtte ekstraomgangar til for å kåra hjelmelandsmeistrane. Etter 2×5 minutt ekstraomgangar hadde Randøy skåra endå eitt mål mot Årdal, og med 3–2-siger tok Randøy det første nappet i den nyoppsette vandrepokalen.
Hjelmeland Idrettslag takkar for frammøte blant både spelarar og publikum, og vil retta ei ekstra takk til alle som hjelpte oss med å laga eit kjekt arrangement.
Velkommen igjen neste år!
Hjelmelandsmeisterskapet 2013 (finalen er ikkje medrekna):
[table “44” not found /]