Tobias Topp Sandvik tok ein imponerande 9. plass på 10 km fristil i klassa for juniorar 17 år under Norgescupen på Lygna skistadion helgja 16.–18. januar. Han konkurrerte med 168 andre i sin klasse. Dagen etter blei han nr 18 i klassisk sprint, og søndagen kom han på 38. plass på 7,5 km klassisk distanserenn, totalt nr 14 i sin klasse etter tre renn.
Kristrun Gudnadottir deltok også og gjorde ein flott innsats i klassa for junior kvinner 18 år med ein 53., ein 52. og ein 51. plass. Vi gratulerer begge med innsatsen!